Vi har reservert Elvedalen gokartbane onsdag 11. og onsdag 18. august for kjøretrening kl. 18.00-21.00. Opplegget blir leda av Bjørn Egil Karlsen.
Det blir eit anna opplegg enn vi har hatt tidlegare. Vi sett opp grupper med 6-7 personar=syklar. Kvar gruppe får 1 1/2 time kjøretrening, og det blir kjørt to økter kvar ettermiddag, kl 18 og 19.30. Med så små grupper blir det tid til personleg rettleiing for kvar enkelt.
Det blir trening på nødbremsing i opp til 80km/t, unnamanøver og kjøring med passasjer, for dei som ønsker det. Også våre kjære passasjerar vil nok ha god nytte av kjøretrening i ein trygg samanheng. Om ikkje anna vil vi som kjører, få litt mindre vondt i ribbeina når vi kjører med noen bakpå 🙂
Kostnaden er som før kr 100,- pr pers., og må betalast kontant på bana.
Kiosken vil vere åpen 19 – 20 desse ettermiddagane.
Dei som ønsker å delta på kjøretreninga, må sende PÅMELDING TIL MEG VED Å SVARE PÅ DENNE E-POSTEN.
Oppgi namn, mobilnr., ønska dag og tid og om du har med passasjer. Vi vil dele dei påmeldte i grupper når påmld.fristen er ute.
PÅMDL.FRIST: 08.08.10
Viss det skulle bli fleire påmeldte enn det er kapasitet til, vil «først-til-mølla»-prinsippet gjelde.
Helsing frå Karileiar