15-års markering

Lillehammer Motorsykkelklubb er 15 år, og dette blei markert med jubileumstur i pinsa (21. – 24. mai), med ”heile” 8 deltakarar og Øyvind Hjelvik som turleiar.
Fredag kjørte alle til Sogndal, men sjølsagt med 4 ulike starttidspunkt (såpass variasjon må ein ha.) Vi fekk ein heilt fantastisk flott tur over Sognefjellet. Sol fra skyfri himmel, drivkvit snø, lite trafikk, annleistenkande på ski (!), fra +20 til +6 til +25 varme, gode grader. 3 stk. lærte vel at Coopkafèen i Sogndal ikkje er ein gourmetrestaurant. Lægreid hotell kan vi derimot godt anbefale som overnattingsstad.
Laurdag kom det bittelitt væte frå oppi der, men pyttsan, sa vi. Vi klarte 33 mil og 5 ferjer på 11 timar. Ekte turisme altså!. Ikkje alle båtar gikk når vi hadde tenkt dei skulle, men til slutt kom vi jammen fram til Grande camping i Geiranger. Vi koste (?) oss med jubileumsgrilling, ståande i regn og tåke ved fjorden. Staseleg feiring m.a.o. Elegant frokost på Union neste morgon (kr. 131,-).
Søndag kjørte 4 heim, mens 4 andre kjørte diverse vegar for å overnatte på eit hyggeleg hotell som Øyvind visste om på Lærdalsøyri – og som viste seg å ligge på Årdalstangen (Klingenberg). Det stemte i alle fall at vi slapp å gå utomhus for å komme på restaurant og pub.
Måndag delte vi oss enda ein gong, 3 kjørte heim via Øvre Årdal, 1 via Lærdal.
Norge viste seg nok ein gong som eit både vakkert og variert mc-tur-land. Og alle var einige om at det var ein fin tur, i alle fall er denne referenten einig med seg sjøl (!).

Kari

Reiseruta:
Fredag: Lillehammer – Otta – Lom – Sognefjellet – Sogndal
Lørdag: Sogndal – Hella (ferje) Dragsvik – Gaularfjellet – Eldalsosen – Moskog – Skei – Byrkjelo – Sandane – Anda (ferje) Lote – Nordfjordeid – rundt Austefjorden – Volda – Brautaset – Sæbø (ferje) Lekneset – Hellesylt – Stranda (ferje) Liabygda – Linge (ferje) Eidsdal – Ørnevegen – Geiranger
Søndag: Opp på Strynefjellvegen – 4 stk heim direkte, 4 stk Stryn – Olden – Byrkjelo – Skei – Fjærland (bokbyen) – Sogndal – Mannheller – Fodnes – Årdalstangen.
Måndag: heim via Årdal og/eller via Lærdal

Siste nyheter

Portrettintervju med Kjetil i MC-avisa/Bike

Portrettintervju med Kjetil i MC-avisa/Bike

MC-avisa/Bike har i siste nummer enda et portrettinvertju med et av våre medlemmer. Denne gangen er det Kjetil som har…
Kaffekvelder fra 30. oktober

Kaffekvelder fra 30. oktober

Høstmørket har kommet og mange motorsykler er nok allerede stelt kjærlig med og parkert frem til neste vår. Vi starter…
Fra tur til Bø, Vrådal og Kragerø

Fra tur til Bø, Vrådal og Kragerø

I midten av september kjørte 6 medlemmer en raskt bestemt helgetur til Telemark. Overnattinger i Bø og Kragerø, og besøk…