Info fra NMCU om Mjøsa Rundt 1. mai
Vi har fått ein del spørsmål om oppmøte og kjørerute ut frå Hamar i samband med den tradisjonelle «Mjøsa-rundt»-turen 1.mai. Dette fordi det er sett i gang arbeid med bl.a. Strandgata, som nå er heilt stengt.
Per Almestrand på MC Huset seier at det blir oppmøte på Stortorget i Hamar kl.11.00, som før. Det blir parkering frå Stortorget og ned mot Skibladnerbrygga.
Utfarten frå Hamar vil enten gå via undergangen frå «Åttemetersplanet», forbi jernbanestasjonen og vidare same rute som tidlegare, eller- om Strandgata ikkje er open i enden mot jernbanestasjonen, vil det bli kjørt opp Kirkebakke, til høgre i Grønnegata og ned til Stangevegen og vidare same rute som tidlegare.
På Lillehammer er det oppmøte ved Statoil Strandtorget kl 9:00.