Nye nettsider for klubben

Som mange av dykk veit, arbeider vi i styret med ny publiseringsløysing for nettsidene til klubben. Det blei gjort avtale med eit firma tidleg på sommaren. Dette er same firma som hostar nettsidene til klubben idag.
Visuelt og innhaldsmessig blir det ikkje noen store endringar. Den store fordelen med den nye løysinga er at vi unngår å ha klubbrelaterte dokument spreidde på fleire private PC-ar (styremedlemmar og publiseringsansvarleg for nettsidene), at nettsidene kan oppdaterast via web, og at vi får god backup-løysing av sidene. På dei nye nettsidene skal det vere eige passordbeskytta område der alle i styret får tilgang til alle styredokument.

Da vi skulle begynne å legge inn informasjon i den nye løysinga, oppdaga vi raskt at løysinga ikkje svarte til forventningane våre og lovnadane til leverandøren når det gjaldt det omtalte, passordbeskytta område og den tekniske løysinga for publisering av bilde. Ellers er løysinga i samsvar med avtale. Grunna ferieavvikling og treg respons frå leverandør er løysinga på desse forholda framleis ikkje på plass.

Vi i styret er opptatt av å få publisert dei nye nettsidene så raskt som muleg, men vi er som sagt avhengige av at leverandøren forbetrar løysinga.

for styret
Kari SH

Siste nyheter

Onsdagstur til Tingnes

Onsdagstur til Tingnes

Årets første onsdagstur ble kjørt i går i strålende vær, 18 grader og sol. Fin start på sommersesongen 🏍️. 20…
Turplan 2025

Turplan 2025

Turkomiteen har planlagt fellesturene for 2025-sesongen. Her skulle det være noe for en hver smak – korte og lengre turer…
Fra turen til Spania (Andalucia) og Gibraltar

Fra turen til Spania (Andalucia) og Gibraltar

Da Øyvind og Jan Helge avsluttet turen til Polen, Balkan og Spania i høst, leide de lagringsplass for MC-ene i…